-
Møt vår nye kollega!
Vi er veldig glade for å få med Vilde Hodneland Larsen på laget i Frivilligsentralen! Vilde skal jobbe som kommunikasjonsmedarbeidar saman med frivilligkoordinator Inger, når dagleg leiar Marte skal over i eit anna vikariat i eit års tid.
Kva vil du lære?
Vi skal ha ei rekke kurs og verkstader i 2020, og ønskjer å planlegge desse ut frå behov og ønskjer i vangsbefolkninga. Kva kunne DU tenkje deg å delta på??Her er eit par forslag:
- Skrivekurs
- ·Røyke og grave fisk/kjøt
- Kunstmåling
- Skredkurs
- Kropp/søvn/kosthold
- Bileteredigering
- Excel/word/powerpoint
- Presentasjonsteknikk
- Reparasjonsverkstad
- Blomebinding
Send ein epost til frivilligsentralen@vang.kommune.no med dei alternativa som er aktuelle for deg, og legg gjerne til andre forslag! :)
Vi skal også bli betre på å rettleia folk som ønskjer datahjelp. Kva for emner kan vere aktuelt for deg å be om hjelp til?
Vi blir veldig glade for tilbakemeldingar :) Helsing oss på frivilligsentralen og biblioteket i Vang
Del på:
-
Les om alt vi gjorde i 2025
Årsmeldinga frå 2025 viser masse aktivitet og mange fine møter mellom menneske!
-
Vårprogrammet er klart!
Gjer deg klar for kviss, folkedialog, klesbyttedag, trebeskjæringskurs, sykkelmekking og mykje meir!
-
Julegåvedugnad
Frivilligsentralen samlar inn julegåver til born på Vang mottakssenter og Vang læringssenter. Vil du bidra?
-
Seniortreff i Vang frå januar 2026
Etter initiativ frå eldrerådet og fleire eldsjeler, har arbeidsgruppa Levande lokalsamfunn gleda av å ønske velkomen til Seniortreff på Vangsheimen frå januar 2026!