-
Møteplassen
Torsdag 8. mai kl. 15 ønskjer vi velkomen til nytt treff med felles middag og aktivitetar. Denne gongen byr vi på musikkbingo med hits frå 60-talet!
Haustprogrammet er klart!
To kurs, ein førpremiére, litteraturkveldar og aktivitetar for ungar – hausten inneheld det meste.Først av alt blir det ein stor valdebatt, der både listetoppar og fleir av kandidatane frå partia i Vang vil bli grilla av debattleiar Erik Wold.
Vang scorar som før veldig høgt på deltakinga i sommarles, og til avslutninga blir det premieutdeling og eit forrykande trylleshow. Aktivitet for ungar blir det også i haustferien, med musikkteater av høg kvalitet, og kanskje nokre filmvisningar.
Bandet Kalandra med vangsgjelding Jogeir Daae Mæland i spissen har spelt inn musikkvideo på Tyin i vinter, den blir sjølvsagt lansert aller først her hos oss. Lansering blir det også av ‘Vangsalbumet’ som Vang historielag er i ferd med å ferdigstille, og Anders Lundberg si nye bok om Filefjell vil bli presentert på årets bokkveld. Der blir det også feiring av urfolksåret 2019, med fokus på samisk tradisjon i Vang. Kjell Bitustøyl kjem for å fortelje, og Laila Otervik stiller med ein smak av reinskjøt.
Kirsti Baggethun er klar for nok eit bokbad, men kven forfattar som kjem er framleis ein hemmelegheit! Det blir også presentasjon av nye bøker, når flinke formidlarar frå Fylkesbiblioteket reiser rundt med ‘Lesegleder’. Valdres sparebank held nettbankkurs og Vinjerock vil i samarbeid med Jørn Hilme-stemnet lære bort nokre arrangørtriks, og vi avsluttar som tidlegare år med ein real julelunch i god, fleirkulturell stil.
Elisabeth Sparstad held fram med sine norsktimar kvar onsdag, og i siste liten har vi fått på plass nok leksehjelper til å fortsette med lekseklubben. Lesesirkelen held også fram – her er det plass for både nye og gamle lesarar.
Velkomen til ein spanande haust på biblioteket og frivilligsentralen i Vang!
Del på:
-
Di framtid - di helse
Alle som blir gamle i Vang kjem til å møte ny velferdsteknologi. Også du!
-
Klesbyttedagen 2025
Laurdag 26. april kl. 10 – 14 er det klart for klesbytting på Vang folkebibliotek. Bli med på ei miljøvenleg oppgradering av klesskåpet!
-
Idémyldringskveld: Bulyst og møteplassar
Er du engasjert i å skape gode møteplassar? Har du tankar om aktivitetar du saknar i Vang, eller andre tiltak for at alle skal trivast i bygda vår?
-
Politikarpraten våren 25
Har du innspel til politikarane i Vang? Velkomen til uformell samtale med representantar frå dei politiske partia, måndag før kommunestyremøtene!