-
Julegåvedugnad
Frivilligsentralen samlar inn julegåver til born på Vang mottakssenter og Vang læringssenter. Vil du bidra?
Vellykka øvingskøyringskurs
Sju ledsagarar fikk gode tips og råd for øvingskøyring på Vang frivilligsentral onsdagskvelden.Heidi Hålien frå Valdres trafikkskole forklarte korleis køyreskulen deler opplæringa inn i fire trinn, og kva som er viktig å fokusere på på dei ulike trinna. Deltakarane stilte mange spørsmål og delte også av eigne erfaringar, så det vart ein god dialog kring bordet. Nokon av dei har eigne ungdommar i hus som er i gang med øvingskøyring, andre er frivillig som køyrer med busette flyktningar i frivilligsentralen sin bil. To nye frivillige meldte seg også denne kvelden, og det er vi veldig glade for!
Vang frivilligsentral har drive med øvingskøyring i over fire år, og til no har fem flyktningar tatt lappen som følge av mengdetreninga dei har fått her. Sertifikatet er for mange ein viktig nøkkel for å kunne bu og trivast i Vang - ei ny verd opnar seg, med større mogelegheiter for både jobb og sosiale aktivitetar. Vi har no ein litt nyare bil enn den forrige, og gler oss til å kome i gang igjen med aktiviteten!
Del på:
-
Seniortreff i Vang frå januar 2026
Etter initiativ frå eldrerådet og fleire eldsjeler, har arbeidsgruppa Levande lokalsamfunn gleda av å ønske velkomen til Seniortreff på Vangsheimen frå januar 2026!
-
Nominer årets positive vangsgjelding!
Tradisjonen tru vil ordføraren dele ut positivprisen på bokkvelden på Vang folkebibliotek onsdag 3. desember. No kan du nominere din kandidat!
-
Vel blåst TV-aksjon
Tusen takk til alle som har engasjert seg i årets TV-aksjon!!!
-
TV-aksjonen 2025 - Saman opner vi dører
Årets TV-aksjon går til Atlas-alliansen og handlar om å opne dører for funksjonshemma som lever i krig og fattigdom. Du kan engasjere deg i aksjonen i Vang på mange ulike måtar!