-
Møt vår nye kollega!
Vi er veldig glade for å få med Vilde Hodneland Larsen på laget i Frivilligsentralen! Vilde skal jobbe som kommunikasjonsmedarbeidar saman med frivilligkoordinator Inger, når dagleg leiar Marte skal over i eit anna vikariat i eit års tid.
Vårprogrammet er endeleg klart!
Velkomen til nok ein kulturell sesong med foredrag, boklansering, aktivitetar for ungar og mykje meir.Vang sin nye kulturminneplan skal under lupen, samstundes som vi stiller ut Anne-Marte Før si utstilling 'Handverkaren'. Og Torstein Lerhol har skrive sjølvbiografi - den blir sjølvsagt lansert i heimbygda.
'Social Club' og 'Filmnight' er tilbake, denne gongen på fredagskveldane, og vi held fram med lekseklubb kvar tysdag og lesesirkel om lag ein gong i månaden. Alt er gratis og ope for alle!
Del på:
-
Les om alt vi gjorde i 2025
Årsmeldinga frå 2025 viser masse aktivitet og mange fine møter mellom menneske!
-
Vårprogrammet er klart!
Gjer deg klar for kviss, folkedialog, klesbyttedag, trebeskjæringskurs, sykkelmekking og mykje meir!
-
Julegåvedugnad
Frivilligsentralen samlar inn julegåver til born på Vang mottakssenter og Vang læringssenter. Vil du bidra?
-
Seniortreff i Vang frå januar 2026
Etter initiativ frå eldrerådet og fleire eldsjeler, har arbeidsgruppa Levande lokalsamfunn gleda av å ønske velkomen til Seniortreff på Vangsheimen frå januar 2026!