-
Digi-hjelp på Onsdagskaféen
Våre frivillige digi-vertar hjelper deg med dine digitale utfordringar! Neste treff er onsdag 20. november kl 11 - 13 på Drengestøga.
Integreringsprosjektet på Haukåsen
Det brenn friskt i omnen og latteren sit laust rundt langborda på Haukåsen. Ute snør det store filler og vegen er glatt, men det har ikkje stoppa dei 25 damene som denne tysdagen sit fordjupa i kvar sine strikketøy, heklepinnar eller tøystykker.- Det er om lag 12-15 av oss frå den faste gamle gjengen, og så er det 10-12 frå mottaket. Vi sit sånn omtrent annankvar, sånn at dei får snakka norsk, det er jo litt av poenget. Og så har eg laga namnelappar til alle saman, så vi prøver å lære namna til kvarandre.
Sølvi Havro har vore primus motor for Vang husflidslag sin strikkekafé i mange år. Dei har tradisjon for å strikke tepper til alle nyfødde i kommunen, og då har dei fått ein del kontakt med mødrer på Vang mottakssenter opp igjennom. No har dei med hjelp av integreringsmidlar frå studieforbundet starta eit prosjekt der dei kvar tysdag hentar damer frå mottaket som vil vere med på strikkekaféen.
- For nokre år sidan vart vi invitert til mottaket som takk for teppene, og det var veldig triveleg. Vi starta i fjor haust med å køyre og hente dei som ville vere med, men då det vart så mange at vi fylte tre bilar så vart det litt for mykje styr å administrere. Eg sit i fylkestyret i husflidslaget og visste at studieforbundet hadde midlar til integreringsprosjekt, så då søkte vi og fikk pengar til å dekke drosje, og garn.
Sølvi kan mangt om mykje innan handarbeid, og hjelper damene med det dei har av spørsmål. - Og så er dei flinke til å bruke mobilen til å oversette om det er eit ord dei ikkje forstår, så vi finn ut av det meste. Og dei er voldsomt ivrige, så det går unna med garn!
Nye og gamle handarbeidarar
Helen er den av damene frå mottaket som pratar mest norsk, og ho har fått med seg at det kostar mykje med drosja. Ho kjem bort til meg og spør om eg kan gjere noko for å hjelpe Sølvi? - Det er litt flaut. Vi er veldig, veldig glade for å vere her, men dei andre betaler jo for kaffien, og vi får det gratis. Eg skulle ønske vi kunne betale for oss, men det er vanskeleg. Og det er kjempedyrt med drosje…. Eg forsikrar henne om at det er prosjektmidlar som husflidslaget har fått, og ikkje noko Sølvi tar frå eigen lomme, og då er situasjonen litt lettare å bere.
Ho viser stolt fram strikketøyet sitt, og strikkinga har ho lært her, ho dreiv ikkje med dette i heimlandet Eritrea. - Vi er veldig glade for å vere her, det er så fint å komme litt ut frå mottaket og møte andre folk. Då kjenner eg meir at eg lever! Elles sit eg mykje heime og gjer ingen ting… Men no når eg har lært å strikke så kan eg drive med det heime også, og det hjelper. Eg har strikka både lue, skjerf og panneband!
Esra kjem frå Tyrkia, og har heller ikkje drive med handarbeid før. - Det var ein del andre mødrer som strikka heime, men eg er tannlege og var opptatt med jobben min, forklarer ho. Ho lager ein løpar med applikasjonar, ein teknikk Sølvi viste fram førre veke. - Og alle her er veldig hyggelege! Ordforrådet er ikkje så stort og grammatikken så som så, men med eit stort smil og stor vilje til å få fram bodskapen så forstår eg godt kva ho vil formidle.
Derya kjem også frå Tyrkia, og er meir erfaren med garn. Ho driv med ein teknikk som kallast hakking, og seier ho har lært det av mor si, som har laga jakka ho har på seg. - Men du har jo også hakka ei kjempefin kåpe! påpeiker Aslaug Gjevre, og beordrer henne å ta den med på frivilligsentralen ein dag for å vise fram.
Utveksling begge vegar
Det er fleir som har med seg ulike teknikkar frå heimlanda, og Ingegjerd Havro som har drive med handarbeid i mange år lærer også noko nytt denne dagen. - Det der har eg aldri gjort før, det må du lære meg, seier ho til ei av dei andre tyrkiske damene, og vipps så har ho lært å hekle i eit kraftige rillemønster. - Skal du ta bilete óg, er vi fine nok på håret då? spøker ho saman med Derya.
Innanfor strikking er det ulike måtar å få same resultat på, og Berit Oldre lar seg fasinere av Sughra, som kjem frå Afghanistan. Ho strikka mykje for lenge sidan, og så vart det bortgløymt, men no har ho fått friska opp teknikken. Ho held pinnane og tråden på ein annleis måte enn Berit er van ved, og kastar tråden bak og framom pinnen når ho lagar ribbestrikk. - Og du skulle sett når ho skulle legge opp, då sette ho ein liten pinne fast mellom knea, og kasta tråden rundt slik og slik, eg har aldri sett på maken.
Felles kjente
- Det blir jo mest prat om familiære ting, seier Berit. - Kvar vi kjem frå, kvar vi bur, om vi har ungar og ektemenn og barnebarn og slike ting. Ho eine har budd på eit mottak på Hamar før ho kom hit, og der hadde ho ein norsklærar frå Vang, så då fann vi ut at vi hadde felles kjente!
Berit har barnebarn i same klasse som sonen til ei av dei afghanske damene går i. Sughra har barnebarn som bur i Australia, og brått høyrast barnegråt i lokalet då ho stolt viser fram ein video på mobilen sin. - Eg ba sonen min sende film så snart barnebarnet mitt var fødd, her er han berre ein dag gamal!
Gjennom snødrevet dukkar taxien opp, og damene frå mottaket pakkar samen og kler på seg sjølvstrikka luer og skjerf. – Gå forsiktig! roper mange av dei norske som sit igjen, - ikkje skli på isen! Fleire utvekslar klemmar, det takkast for i dag, og vi sjåast igjen neste veke.
- Eg tenkjer at det må jo vere godt for dei å kome seg litt ut, avsluttar Berit, - og så er det jo veldig triveleg for oss også!
Del på:
-
Generasjonstreff med babysang
Det er klart for eit nytt generasjonstreff med babysang på Fjordstøga på Vangsheimen, torsdag 14. november kl 11-13.
-
Programmet for frivilligmarknaden er klart
På laurdag 9. november brakar det laus i Vangshallen når frivillige lag skal vise fram alle dei flotte aktivitetane du kan delta på i Vang!
-
Haustprogrammet for november og desember er lansert
Vi har mykje spanande på plakaten dei siste to månadene i 2024!
-
Politikarpraten #6
Har du innspel til politikarane i Vang? Velkomen til uformell samtale med representantar frå dei politiske partia, måndag før kommunestyremøtene! Neste Politikarpraten er måndag 11. november kl 16.30-17.30.