-
Vårprogrammet er klart!
Gjer deg klar for kviss, folkedialog, klesbyttedag, trebeskjæringskurs, sykkelmekking og mykje meir!
Fri, villig og heit
Korleis er stoda for frivilligheita i Vang, og kva skal til for å betre vekstvilkåra?Tysdag 18. september kl 19.00 inviterer vi til dialogmøte for frivillige lag og enkeltpersonar, politikarar og alle andre som bryr seg om frivilligheit i Vang. Programmet for kvelden er som følgjer:
- Hyllest til dei frivillige, v/ ordførar Vidar Eltun
- Trender i frivilligheita, v/ Marta Bjørnøy Lalim, Nord-Aurdal frivilligsentral
- Erfaringsdeling 1:
- Kva motiverer dei frivillige?
- Uorganisert frivilligheit - kva skjedde med dugnadsånden?
- Korleis står det til med rekrutteringa - og blir nye folk inkludert?
- Nye personvernreglar, v/ økonomisjef Remi Nilsen
- Erfaringsdeling 2:
- Kva er utfordringane for frivillige i Vang, og kva kan kommunen og andre gjere for å legge betre til rette?
- Er terskelen for å samarbeide låg nok?
- Kommunikasjon - kva slags fora ønskjer vi?
- Treng Vang ei frivilligmelding? v/ Marte Tangen, Vang frivilligsentral
- Korleis skape samhald og engasjement, v/ Line Svien, påskelunchen på Filefjell
Del på:
-
Julegåvedugnad
Frivilligsentralen samlar inn julegåver til born på Vang mottakssenter og Vang læringssenter. Vil du bidra?
-
Seniortreff i Vang frå januar 2026
Etter initiativ frå eldrerådet og fleire eldsjeler, har arbeidsgruppa Levande lokalsamfunn gleda av å ønske velkomen til Seniortreff på Vangsheimen frå januar 2026!
-
Nominer årets positive vangsgjelding!
Tradisjonen tru vil ordføraren dele ut positivprisen på bokkvelden på Vang folkebibliotek onsdag 3. desember. No kan du nominere din kandidat!
-
Vel blåst TV-aksjon
Tusen takk til alle som har engasjert seg i årets TV-aksjon!!!