-
Møt vår nye kollega!
Vi er veldig glade for å få med Vilde Hodneland Larsen på laget i Frivilligsentralen! Vilde skal jobbe som kommunikasjonsmedarbeidar saman med frivilligkoordinator Inger, når dagleg leiar Marte skal over i eit anna vikariat i eit års tid.
Temakveld om badstovetradisjonar i Vang før og no
Onsdag 12. september kl 19:30 blir det temakveld om badstovetradisjonar i Vang før og no, på Vang folkebibliotek.Sigfred Hovda fortel om Brudal badstøge i Hensgardane, som var i bruk frå 1949 til 1977. I seinare tid har tradisjonen tatt seg opp i Vang, med arkitekttegna badstøger som vekker internasjonal oppsikt. Hallgrim Børhus Rogn fortel og viser bilete frå desse prosjekta, og Emma Børhus Törmä vil dele nokre saftige saunahistorier frå finsk-svenske Tornedalen.
Etterpå fyrer vi badstova ved Vangsmjøsa, så den som vil kan avslutte kvelden der.
Del på:
-
Les om alt vi gjorde i 2025
Årsmeldinga frå 2025 viser masse aktivitet og mange fine møter mellom menneske!
-
Vårprogrammet er klart!
Gjer deg klar for kviss, folkedialog, klesbyttedag, trebeskjæringskurs, sykkelmekking og mykje meir!
-
Julegåvedugnad
Frivilligsentralen samlar inn julegåver til born på Vang mottakssenter og Vang læringssenter. Vil du bidra?
-
Seniortreff i Vang frå januar 2026
Etter initiativ frå eldrerådet og fleire eldsjeler, har arbeidsgruppa Levande lokalsamfunn gleda av å ønske velkomen til Seniortreff på Vangsheimen frå januar 2026!