-
Klesbyttedagen 2025
Laurdag 26. april kl. 10 – 14 er det klart for klesbytting på Vang folkebibliotek. Bli med på ei miljøvenleg oppgradering av klesskåpet!
Moddi, Vinjefolk og Daniel Kvammen til #vårtnabolag
Laurdag 8. september 2018 frå kl. 13 til 17 brakar det igjen laus på Vang Mottakssenter. På scena står mellom anna Moddi, Vinjefolk og Daniel Kvammen når #vårtnabolag arrangerast for 3. gong i Vang.Vang Mottakssenter, Vinjerock, Vang Frivilligsentral og Oslo World står bak eindagsfestivalen der lokale og nasjonale artistar opptrer side om side. Mat frå fire verdshjørne og aktivitetar for borna står også på programmet. - Det er stor stas at Oslo World vil gjøre dette sammen med oss for 3. året på rad, og at så mange gode krefter i lokalmiljøet kan lage fest sammen! seier festivalsjef Julie Forchhammer.
Senjeværingen Moddi engasjerer seg sterkt i menneskerettigheiter og gav mellom anna i 2016 ut albumet «unsongs», ein samling forbode og sensurerte songar frå verda over. Dei mange reaksjonane på albumet resulterte i at Moddi debuterte i 2017 med den tankevekkande boka «Forbudte sanger». Då Moddi gjesta Vinjerock 2017 leverte han ein av dei mest engasjerande konsertane på festivalen nokon sinne, og me gler oss stort til å sjå han attende i Vang.
Vinjefolk spelte til fest under Vinjerock 2018, og vi reknar med det blir like god stemning på dansegolvet på #vårtnabolag. Gruppa består av åtte folkemusikarar frå inn-og utland, som vart sett saman for å feire Aasmund Olavsson Vinje sitt 200års-jubileum. På #vårtnabolag møter du Vinjefolk i trioformat med skotske Sarah-Jane Summers (Summers/Silvola, Siskin Quartet) på fele, finske Juhani Silvola (Adjagas, Erlend Viken Trio) på gitar og Hans Martin Austestad (Earlybird Stringband, Løkki) på banjo.
Daniel Kvammen spelte for 4000 menneske på «Nattevandring på Gaustadtoppen» for FNs berekraftsmål sist helg, på #vårtnabolag får du høyre låtane i akustisk drakt før han set ut på ein omfattande haustturné. Hallingdølen er mest kjend for radiohitane «Du fortenar ein som meg» og «me dansar ikkje for moro skyld», og hausta ein Spelemann for årets Musikkvideo i 2017 med «Som om himmelen revna».
Vang barnekor stiller opp i år som i fjor, Oh Mama! Crew snurrar plater og musikarar frå mottaket har i år fått med seg eit skreddarsydd ‘Naboband’ med lokale musikarar. Bebuarane diskar også opp med ei rekke spanande smakar frå heile verda, og aktivitetar for ungane. - Både tilsette og bebuarar er stolte over å invitere lokalbefolkninga inn på mottaket nok ein gong, seier mottaksleiar Bente Dalåker. – Vi byrjar få erfaring med dette no, så alt flyt litt lettare. Det er stor stas og alltid veldig rørande når folk møtest på tvers av kulturar gjennom mat, prat og dans!
Arrangementet er gratis og ope for alle.
Del på:
-
Idémyldringskveld: Bulyst og møteplassar
Er du engasjert i å skape gode møteplassar? Har du tankar om aktivitetar du saknar i Vang, eller andre tiltak for at alle skal trivast i bygda vår?
-
Politikarpraten våren 25
Har du innspel til politikarane i Vang? Velkomen til uformell samtale med representantar frå dei politiske partia, måndag før kommunestyremøtene!
-
Ny giv for kommunikasjon og bulyst i Vang
Mange har vore spente på kva som skjer med tanke på blest, inkludering og kommunikasjonsarbeid i Vang etter at Innovangsjon avvikla si drift før nyttår. Frivilligsentralen, kommunen, næringslivet og styret i Innovangsjon jobbar no med fleire ulike prosjekt som rører ved desse viktige emnene. Felles for dei alle er fokus på tilflytting og trivsel i bygda vår.
-
Digi-hjelp på Haukåsen
Våre frivillige digi-vertar hjelper deg med dine digitale utfordringar! Neste treff er tysdag 18. februar kl 12-13 på Haukåsen strikkekafé.