-
Julegåvedugnad
Frivilligsentralen samlar inn julegåver til born på Vang mottakssenter og Vang læringssenter. Vil du bidra?
Haustprogrammet er klart!
Badstovekveld, forteljarkurs, jordbruksdebatt og sykkelforedrag med Makken - det er nokre av godbitane du kan få med deg i haust på folkebiblioteket og frivilligsentralen i Vang.Det er altid veldig stas, og litt nervepirrande å lansere programmet for sesongen, og vi håper det inneheld noko for ein kvar smak. Husflidslaget inviterer til handarbeidsverkstader for ungar, og mållaget ber til dialektkveld. I tillegg blir det aktivitetar i haustferien, og studiegruppe for dei som les til teoriprøva. Den tradisjonsrike bokkvelden er sjølvsagt på plass, det er også fleirkulturell julelunch som vi hadde stor suksess med i fjor. Årets haustutstillar er Monica Winther, i tillegg kan du sjå ei H. C. Andersen-utstilling i delar av september/oktober. Frivilligsentralen inviterer også til dialogmøte om frivilligheita i Vang, og aller først ut på haustens program er eit besøk av Klovnen Knut når vi avsluttar årets sommarleskonkurranse.
Du kan laste ned heile programmet her: haustprogram 2018
Og hugs - alt er gratis og ope for alle. Velkomne til ein kulturell haust i Vang!
Del på:
-
Seniortreff i Vang frå januar 2026
Etter initiativ frå eldrerådet og fleire eldsjeler, har arbeidsgruppa Levande lokalsamfunn gleda av å ønske velkomen til Seniortreff på Vangsheimen frå januar 2026!
-
Nominer årets positive vangsgjelding!
Tradisjonen tru vil ordføraren dele ut positivprisen på bokkvelden på Vang folkebibliotek onsdag 3. desember. No kan du nominere din kandidat!
-
Vel blåst TV-aksjon
Tusen takk til alle som har engasjert seg i årets TV-aksjon!!!
-
TV-aksjonen 2025 - Saman opner vi dører
Årets TV-aksjon går til Atlas-alliansen og handlar om å opne dører for funksjonshemma som lever i krig og fattigdom. Du kan engasjere deg i aksjonen i Vang på mange ulike måtar!