Teieplikt

Alle frivillige som jobbar for oss må signere på denne teiepliktavtala.

TEIEPLIKT

Eg forpliktar meg med dette til å ikkje bruke, utlevere eller på annan måte gjere kjent for uvedkomande personlege opplysningar som eg blir kjent med i mitt arbeid knytt til frivilligsentralen. 

Personlege opplysningar gitt av ein brukar kan etter samtykke frå brukaren nyttast internt. 

Teieplikta gjeld både når eg er tilknytt frivilligsentralen og etter at mitt engasjement er avslutta.  


Teieplikta sitt omfang:

Teieplikta omfattar helse- og sykdomsforhold, kjensleliv, livssyn, religiøsitet, familieforhold og slektskap, utdanning, haldningar, arbeid og økonomisk situasjon, fødestad, personnummer, statsborgarskap, yrke, bustad og arbeidsstad - når brukaren gir opplysningar til dagleg leiar, frivillig hjelpar, eller styret, som ledd i hjelpearbeidet, og når vidareformidling kan medføre betydeleg skadeverknad for den det gjeld. 


RETNINGSLINJER 

Som frivillig forpliktar eg meg til å: 

•    Gi beskjed når eg er sjuk, eller av anna grunn er forhindra frå å kome. 

•    Gi beskjed når noko ikkje fungerer 

•    Gi beskjed når eg ikkje lengre vil vere registrert som frivillig

Eg er kjent med at dagleg leiar har eit oppfølgingsansvar og krav på å høyre korleis kontakten med brukaren går. 


Bruk på nett

Taushetserklæringen gjelder også dersom den frivillige har bekreftet at den er akseptert på en nettside.

2024 © Vang frivilligsentral