Velkomstven

Samarbeid med Innovangsjon; vi tilbyr velkomstven til alle nytilflytta og andre som ønskjer å bli bedre kjent med bygda vår.

Aldersgruppe: For alle

Samarbeid med Innovangsjon; vi tilbyr velkomstven til alle nytilflytta og andre som ønskjer å bli bedre kjent med bygda vår. Vi sett i saman to velkomstvener som har ansvaret for kvar tilflyttar/sambygding. Oppgåva herifrå er lett:

  • Tilby sambygdingen å møtast for ein jovial snakk om Vang og anna, gjerne over ein kaffi, lunch eller ein guida tur i Vang.
  • Ta kontakt to gonger meir for å vise at du faktisk meiner å vere til hjelp. Inviter gjerne med på aktivitetar som skjer i Vang, der sambygdingen har moglegheit for å bli kjend med fleire.

  • Oppfordre sambygdingen til å ta kontakt med dykk seinare med spørsmål dei måtte ha.


Vi registrerer alle som vil vere velkomstvener og tar kontakt ved behov. Vi treng også hjelp til å få oversikt over kven som har flytta hit, slik at me kan tilby dei velkomstvener. Er du interessert i å bli eller få ein velkomstven? Eller veit du om nokon som har flytta til Vang?

Ta kontakt med oss, eller Innovangsjon på 977 46 801 / hallgrim@vangivaldres.no

velkomstvenene

Denne flotte gjengen meldte seg som velkomstvener ved første presentasjon av prosjektet på fredagskos 8. februar. Sidan har fleire komen til, men enno treng vi fleire frå heile bygda for å finne den perfekte match for kvar tilflyttar! :)

Flere aktiviteter

Besøksven

Vi har besøksvener som me...

Hjelpetenester

Treng du hjelp til småtin...

Lekseklubb

Tysdagar kl 15 fram til j...

Mathjelp

Treng du hjelp til å lage...

Språkven

Ønskjer du å lære norsk o...

Turven

Ønskjer du å gå tur, og v...

2018 © Vang frivilligsentral