-
Aktive saman
Har du eit barn eller ein ungdom som ønskjer å delta på ein fritidsaktivitet, men det er vanskeleg å få til? Eller ønskjer du å engsajere deg som frivillig?
Bulystteamet
Er du ny i Vang, eller nysgjerrig på på flytte til Vang? Kontakt bulystteamet!For å bu og trivast i Vang er det mange faktorar som skal vere på plass, som jobb, bustad og eit sosialt nettverk. Kommunen sitt bulystteam vil hjelpe deg med nettopp dette! Målet for teamet er at fleire flytter til Vang, at dei unge som veks opp her ønskjer å flytte heim, og at dei som allereie bur her har det bra.
Det skjer allereie utruleg mykje bra i Vang. Bulystteamet har som oppgåve å kartlegge tidlegare og eksisterande bulysttiltak, avdekke behov og prioritere nye tiltak, og koordinere bulystarbeid i Vang i samarbeid med både næringsliv, organisasjonsliv og eldsjeler. Du kan kontakte nokon i teamet om du har spørsmål eller innspel om arbeid og bustad, eller sosiale nettverk og fritidsaktivitetar i Vang, så vil vi hjelpe deg så godt vi kan!
Les meir om bulystteamet i Vang her: Ny i Vang? - vangivaldres.no - arbeid, bustad, fjell og folk
Me har og hatt vårt fyste velkomsttreff i mars 2026. Les meir om det her: https://www.vangivaldres.no/aktuelt/nyheitsarkiv/vellykka-velkomsttreff-i-vang/
Del på:
-
Arrangement
Frivilligsentralen arrangerer ei rekke kulturelle arrangement i samarbeid med biblioteket og andre, samt aktivitetsdagar, turar mm.
-
Besøksven
I samarbeid med Grindaheim Røde Kors Omsorg har me ein god gjeng besøksvener i heile Vang.
-
BUA Vang
I BUA kan du låne masse utstyr til friluftsliv, leik og idrett - heilt gratis!
-
Digi-hjelp vår 2026
Våre frivillige digi-vertar Derk, Boye og Håkon hjelper deg med dine digitale utfordringar. Dette vårhalvåret kan du møte dei på følgjande plassar: