-
Aktive saman
Har du eit barn eller ein ungdom som ønskjer å delta på ein fritidsaktivitet, men det er vanskeleg å få til? Eller ønskjer du å engsajere deg som frivillig?
Seniortreff
Seniortreff med aktivitet og middag på Vangsheimen, drifta av frivillige.Aldersgruppe: Fra 65 år
Me held fram med Seniortreff på Vangsheimen og ynskjer velkomen frå 24. august 2026.
Denne møteplassen er tufta på frivilligheit, og meint for heimebuande seniorar som er sjølvstendige og greier seg sjølv. Ein treng ikkje søke for å vere med her, kun ringe og melde seg på til Frivilligsentralen. Treng du skyss, ordnar med det blandt våre frivillige stødige sjåførar.
Vang frivilligsentral er koordinator og støttespelar.
Den største skilnaden på seniortreffet og andre aktivitetar i frivillig regi i Vang er middagen. Som tidlegare Helse- og omsorgsminister Bent Høie har sagt; «God mat og gode måltider får mirakler til å skje!» Me håper mange vil nytte denne mogelegheita til å samlast for å ete middag og ha det triveleg saman ein gong i veka.
Me ynskjer stimulere til engasjement og at dei frivillige og deltakarane samen skapar ein møteplass med eit trygt og godt fellesskap. Sei gjerne ifrå om du kan bidra på nokon måte.
- Måndagar kl 13.00-16.30 på Vangsheimen.
- Kaffi og kake, sosialt samvær og aktivitet.
- Middag med dessert og kaffi kl 15.30. Samla pris kr 195,-. Kun kaffi og kake (utan middag) kr 50,-
- Påmelding seinast kl 12 fredagen før til Frivilligsentralen på tlf 468 16 473.
- Me oppfordrar til felleskøyring. Sei frå om skyssbehov så engasjere me frivillige sjåførar.
- Det blir laga månadsplan med informasjon om aktivitetar.
- Etterkvart blir det sett krav til minimum antal påmeldte for å gjennomføre.
Sjekk ut nyheitsaka vår:
https://vang.frivilligsentral.no/nyhet?seniortreff-i-vang-fra-januar-2026&Id=45278
Del på:
-
Arrangement
Frivilligsentralen arrangerer ei rekke kulturelle arrangement i samarbeid med biblioteket og andre, samt aktivitetsdagar, turar mm.
-
Besøksven
I samarbeid med Grindaheim Røde Kors Omsorg har me ein god gjeng besøksvener i heile Vang.
-
BUA Vang
I BUA kan du låne masse utstyr til friluftsliv, leik og idrett - heilt gratis!
-
Bulystteamet
Er du ny i Vang, eller nysgjerrig på på flytte til Vang? Kontakt bulystteamet!