Torsdag 2 Mai
kl. 18:00 - 20:00 Tilbake til livet - foredrag med Simen Almås Auditoriet på VBU
«Tilbake til livet» er eit inspirasjonsforedrag om korleis møte og takle utfordringar i livet, med fokus på psykisk helse.

I 2007 vart Almås 49% brannskadd i ei eksplosjonsulykke. Han måtte ligge 12 dagar i koma, og skadane baud naturleg nok på store utfordringar for ein ung gut, både fysisk og psykisk. Det å være «annleis» og «svak» gjorde mykje med sjølvbilete, sjølvtilliten og rolla hans i det sosiale liv. For Simen var livet svart i 2-3 år, før han kom seg vidare. I 2011 drog han på politisk sommerleir på Utøya, og kom seg overlevande frå også den tragedien. 

Almås har opplevd to livsskakande hendingar, korleis har han eigentleg takla desse utfordringane? Gjennom å dele sitt perspektiv på livet og dei verktøya han har tatt i bruk for å snu livet sitt fra negativt til positivt, ønskjer han å løfte opp dei som slit psykisk eller dei som treng eit fokusskifte. 

Foredraget går mellom anna inn på det å møte ungdommar som slit psykisk eller går gjennom tøffe hendingar, korleis ruste ungdom til å takle utfordringer, og korleis vi kan oppnå  større openheit mellom ungdom og vaksne.

Vel møtt! Foredraget er gratis og ope for alle. 
Arrangør: Vang kommune v/ etat for oppvekst, kultur og integrering.

Flere kalenderoppføringer
2020 © Vang frivilligsentral