Torsdag 11 Mars
kl. 19:00, Vang folkebibliotek Teikneseriar - noko for vaksne?!
Torsdag 11. mars kl. 19 på Vang Folkebibliotek skal vi omvende dei som meiner at teikneseriar er for unge og jyplingar. Kva tenkjer du; kan vaksne med æra i behald lese teikneseriar?

Teikneseriar

Alle kjenner til teikneseriestriper i aviser eller i eigne hefte, men det store mangfaldet innanfor teikneseriar er nok mindre kjent og difor framand. Fordomar vi ser hjå folk er kanskje basert på at dei ikkje veit kva teikneseriar er og kan vere, seier Are Flaten som er over snittet interessert i alle slags teikneseriar. Det grafiske formatet omfattar romanar, forteljingar, biografiar, fagbøker, fantastiske forteljingar, historiske, dokumentarar, antologiar – kort sagt noko for ein kvar smak. Denne kvelden siktar vi oss inn mot dei vaksne lesarane og Are skal presentere nokre av sine favorittar for denne målgruppa. Om du vil kan du låne med deg ein teikneserie eller to heim etterpå. Dette blir eit entusiastisk fråspark og oppvarming til Teiknekollektivet som startar opp same kveld.

Teiknekollektivet

Saknar du ein stad i Vang der du kan teikne saman med andre? Det gjorde Alexander Haugelien, og tok initiativ til å få til dette på Vang folkebibliotek. Utover våren kan dei som kjenner kreativiteten kleie i fingrane kome til Teiknekollektivet annankvar torsdag kveld på biblioteket. Mottoet blir noko slik som «har du lyst, har du lov», her blir vegen til medan vi går. Vi meiner at alle kan teikne; ingen kan teikne som Th. Kittelsen, men ingen kan teikne som deg heller! seier Alexander, han teiknar sjølv teikneseriar. Det er ikkje reglar innanfor teikneserieformatet, og biletskjønt treng ikkje vere målet.

Teiknekollektivet skal vere lågterskel og ein plass der nybyrjarar og erfarne kan møtast. Om du har eit prosjekt du driv med, ei historie du ynskjer å teikne eller idear du ynskjer å diskutere med andre er du velkomen hit. Det blir ikkje noko fast program, men Alexander har planar om å ha ulike teikneaktivitetar. Vi har litt teikneutstyr på biblioteket, men ta gjerne med om du har noko sjølv.

I vår har vi plassrestriksjonar på alle arrangement. Ønskjer du å sikre deg plass: meld deg på til biblioteket@vang.kommune.no / 61 36 94 26. Blir det ikkje fullt kan du også møte i døra.

Velkomne til ein triveleg og innhaldsrik kveld på Vang folkebibliotek!

Sosiale media

2021 © Vang frivilligsentral