Torsdag 17 Juni 2021
Kl. 19:00, Vang folkebibliotek
Teiknekollektiv
Saknar du ein stad i Vang der du kan teikne saman med andre? Det gjorde Alexander Haugelien, og tok initiativ til å få til dette på Vang folkebibliotek.

Utover våren kan dei som kjenner kreativiteten kleie i fingrane kome til Teiknekollektivet annankvar torsdag kveld på biblioteket. Mottoet blir noko slik som «har du lyst, har du lov», her blir vegen til medan vi går. Vi meiner at alle kan teikne; ingen kan teikne som Th. Kittelsen, men ingen kan teikne som deg heller! seier Alexander, han teiknar sjølv teikneseriar. Det er ikkje reglar innanfor teikneserieformatet, og biletskjønt treng ikkje vere målet.

Teiknekollektivet skal vere lågterskel og ein plass der nybyrjarar og erfarne kan møtast. Om du har eit prosjekt du driv med, ei historie du ynskjer å teikne eller idear du ynskjer å diskutere med andre er du velkomen hit. Det blir ikkje noko fast program, men Alexander har planar om å ha ulike teikneaktivitetar. Vi har litt teikneutstyr på biblioteket, men ta gjerne med om du har noko sjølv.

I vår har vi plassrestriksjonar på alle arrangement. Ønskjer du å sikre deg plass: meld deg på til biblioteket@vang.kommune.no / 61 36 94 26. Blir det ikkje fullt kan du også møte i døra.

2024 © Vang frivilligsentral