Lørdag 27 Oktober 2018
Kl. 13:00 - 14:30, Vang folkebibliotek
Opning av Haustutstillinga 2018
Kunstutvalet i Vang ynskjer velkomen til opning av Haustutstillinga 2018: «Det forandrer seg hele tiden selv om det ikke gjør det»

Biletkunstar Monica Winther vart uteksaminert frå Kunstakademiet i Bergen i 2007, og har sidan den gong hatt mange utstillingar i inn- og utland. I dag bur og arbeider ho i Oslo, og no er vi så heldige at ho kjem til Vang! 

Arbeida til Winther tek gjerne form som stadspesifikke installasjonar, og dei vert ofte konstruert ut ifrå ein overflod av tekst, skulptur, teikning, veggmåleri, lyd og video. I Vang har utstillinga hennar tittelen «Det forandrer seg hele tiden selv om det ikke gjør det». Winther skriv om utstillinga: «Er ein som individ allereie skapt, eller er det ei kontinuerleg skaping som går føre seg? Er det ein tilstand, eller ein prosess? Eg målar og teiknar. Ofte portrett, sjølvportrett, ofte abstrakt, men veit ikkje heilt kvar det går. Det er min største fridom, og samstundes noko av det mest utfordrande eg gjer.» Vi får sjå nye målerier, teikningar og skulptur. 

På sjølve opninga vil ho gjere ein performance i lag med Magnus Hovland Vanebo. Han er musikar og biletkunstnar, og på performancen vil han spele ulike instrument. 

Velkomen til ei spanande og uføreseieleg opning! Det blir enkel servering. Utstillinga blir ståande til midten av januar, og kan besøkast i biblioteket si opningstid.

2024 © Vang frivilligsentral