Onsdag 27 Februar 2019
Kl. 13:00, Vang folkebibliotek
Musikkteater: Dyriske strofer
Dyriske strofer er eit konsertprogram for dei minste. Konserten formidlar songglede og nysgjerrighet på natur og dyreliv med mykje påfunn og fantasi

«Tenk at alle bøker en gang gar vært et tre! I trærne har det bodd maur, mus, ekorn - og kanskje en bokfink? I biblioteket er det mange bøker – en hel skog!» 

Hege slår opp teltet sitt i bibliotekskogen. På turen har ho med fele og ukulele, og mange songar om dyra vi kan møte i skogen.  Barna er velkomne til å ta med ein song dei likar til konserten om eit koseleg, rart, søtt eller farleg dyr. 

Hege Rimestad har vøre ein av landets mest profilerte felespillere sidan ho var med i Amtmandens Døtre og Veslefrikk på 70- talet. Ho har også spilt med Mari Boine, og gjeve ut solo-CDane The Seed keeper, Hvite pil og barneplata Fly som en stein saman med Geirr Lystrup. Sist nemna blei løna med Spellemansprisen. 

Mange kjennar Hege Rimestad som Rødnissejenta frå Jul i Blåfjell. Ho har gjort ein rekke turnéar for Rikskonsertane og Den kulturelle skolesekken i skole og barnehagar. Dei siste to åra har ho spilt konsertar med Astrid Lindgren-programmet Pilutta deg! Samen med Sara Andersson.

2024 © Vang frivilligsentral