Torsdag 25 Oktober 2018
Kl. 19:30 - 21:00, Vang folkebibliotek
Kven skal eige jorda?
Velkomen til debatt om jordbruket i Valdres!

I Valdres er gardane små. Mange mjølkebønder driv båsdrift, mange treng store investeringar. Men er det plass Valdreslandbruket i framtidas matproduksjon?

Astrid Sverresdotter Dypvik og Hilde Lysengen Havro presenterer boka “Kven skal eige jorda? - Ei bok om mat og makt."
Boka fortel om kappløpet om den fruktbare svartjorda i Ukraina, om gjeldstynga bønder i Danmark og om odelsjenta på eit sauebruk i Vang i Valdres.

Etterpå blir det debatt med: 

Guro Lajord, sauebonde i Vang
Ole-Jacob Christensen, bonde i Vestre Slidre 
Eivind Brenna, ordførar i Vestre Slidre (Bygdelista/Venstre)
Jørand Ødegård Lunde, dagleg leiar Valdres Natur- og Kulturpark
Tove Grethe Kolstad, mjølk- og kjøttprodusent i Øystre Slidre
Vidar Eltun, ordførar i Vang (Ap)

Arrangementet er gratis. Det blir servert kaffi og noko å bite i.
Møtet er ein del av 100-årsfeiringa til Nationen og er støtta av Fritt Ord.

2024 © Vang frivilligsentral