Tirsdag 5 Mars
kl. 19:00 Kulturminner i Vang Vang folkebibliotek
Med Jon Eggen som konferansier vert 'Temaplan for kulturminne i Vang' presentert på Vang folkebibliotek tysdag 5.mars kl 19.00.


Bakgrunn for planen er kulturminne som kommunen har ansvar for; bygningsmasse og minne frå nyare tid. 

Planen vert presentert med tema:
- Gamle hus i aktivt gardsmiljø i Uppigare i Løkreim, ved eigarar Anne Lajord Belsheim og Arne Belsheim.
- Fornybar energi i Vang med utgangspunkt i Eidsfoss kraftverk, Øye, ved Johannes Kasa. 

Planen er utarbeida av Katharina Sparstad og vedteke i Vang formannskap 04.12.2018. Ho vil seie litt om arbeidet, bakgrunn og korleis kulturminneforvaltninga i kommunen brukar kulturminneplanane. 

Det blir også opning av utstillinga 'Handverkaren'. Fotograf Anne Marte Før har vitja seks ulike handverkarar i Valdres. Foto av Knut Olav Dokken – smed, og Anders Gjerdingen – båtbyggjar, stillast no ut i galleriet på biblioteket.

Thea Hålien spelar munnharpe og det blir kulturminnequiz, kaffi og kringle. Vel møtt!

Flere kalenderoppføringer
2020 © Vang frivilligsentral