Tirsdag 7 Mai
kl. 19:00 Konsert med Tove Bøygard Vang folkebibliotek
Tysdag 7. mai kl 19 får vi storfint besøk på Vang folkebibliotek! Tove Bøygard tek turen frå Ål i Hallingdal, og med seg har ho ei rekke låter som har fått anmeldarane til å trille seksarar på terningen i hopetal.

Tove er kjent for si særeigne stemme og sine sterke melodiar og tekstar på hallingdialekt. Ho har gitt ut seks album med eige materiale, som alle har hausta ovasjonar frå ei samla musikkpresse.  Hennar nyaste album 'Jord' hausta lovord som «Kanskje det flotteste som er fremført på halling noen gang» (Bluesnews). Aftenposten var ein av mange som gav terningkast seks, og konstaterte at Bøygard er «en formidabel artist, tekstforfatter og låtskriver». Dagsavisen kvitterte med «Kunne vært Springsteen på sitt beste og mest klartenkte», og Dagbladet beskreiv henne som «En god miks av Emmylou Harris, Lucinda Williams og Patti Smith».

Låtane hennar er ei reise i musikalske landskap som låner frå både country, rock, folk og viser. Med seg til Vang har ho også bassist Jørun Bøgeberg.

Vi håper at mange finn vegen til biblioteket/frivilligsentralen denne kvelden! Konserten er gratis og ope for alle.

Flere kalenderoppføringer
2020 © Vang frivilligsentral