Søndag 9 Februar
kl. 19:00 Konsert med Oddbjørn og Gyda Vang folkebibliotek
Velkomen til konsert med Oddbjørn Skeie (gitar) og Gyda Grøndalen (vokal) i høve den klassiske gitarens dag.

Kulturskulerektor og gitarist Oddbjørn Skeie har vore primus motor for dette arrangementet i fleire år, og har stadig med seg nye gjestar. I år er det Gyda Grøndalen frå Rogne i Øystre Slidre, som har mykje erfaring med både korsong og ulike folkemusikkprosjekt i Valdres. Eskil Kjøs som er elev i Vang kulturskule, bidreg også.

Vi får høyre musikk for song og gitar (orginalt lutt) av m.a. John Dowland, samt standard klassisk gitar repertoar som Llobet og Mertz. Det er fri entré, og alle er velkomne!


2020 © Vang frivilligsentral