Onsdag 4 Desember
kl. 19:00 Bokkveld med utdeling av positivprisen og feiring av urfolksåret 2019 Vang folkebibliotek
Velkomen til bokkveld med utdeling av positivprisen og feiring av urfolksspråkåret 2019!

Den tradisjonsrike bokkvelden før jul avsluttast i kjent stil med at ordførar Vidar Eltun deler ut prisen til 'Årets positive vangsgjelding'. Tru kven det kan vere? :) 

Før prisutdelinga får vi to spanande foredrag. Kjell Bitustøyl har skrive fleire bøker om tamreinsdrift, og vil denne kvelden fortelje om tradisjonane for dette her i Vang. Bitustøyl er mellom anna journalist, forfattar, fotograf, folkemusikkarkivar og treskjerar.

Anders Lundberg vil presenterer boka 'Filefjell - Natur, folk og landskap', som kom ut tidlegare i år. Lundberg er professor ved Universitetet i Bergen, med fagleg hovudfelt innan mellom anna kulturlandskap, naturforvaltning, miljøkonsekvensanalyse og biologisk mangfald.

Sidan 2019 er FN-år for urfolksspråk, nyttar vi høvet til å feire den samiske tradisjonen i Vang. I pausen får vi servert ein smakebit av reinskjøt på samisk vis. I tillegg har Vang Husflidslag samla saman ei lita utstilling med gjenstandar laga i Vang, inspirert av samisk tradisjon. 

Norli Fagernes er tradisjonen tru på plass og sel bøker. 

Velkomne til ein triveleg og innhaldsrik kveld!

Flere kalenderoppføringer
2020 © Vang frivilligsentral