Onsdag 2 Desember 2020
Kl. 19:00, Vang folkebibliotek
Bokkveld med utdeling av positivprisen
Den tradisjonsrike bokkvelden før jul avsluttast i kjent stil med at ordførar Vidar Eltun deler ut prisen til Årets positive vangsgjelding.

Kven som er nominert er ikkje kjent, og det knyt seg som alltid stor spenning til kven som får den gjeve prisen. Det er formannskapet som handsamer dei innkomne forslaga og bestemmer kven som skal få prisen.

Før prisutdelinga får vi ulike kulturelle innslag. 

Leslie Ayres, kjend i og utanfor Valdres som målar, diktar og friluftsmann, vil lese opp dikt blant anna frå si ferske diktsamling. 

Vi får innslag frå Vang kulturskule før vi slepp til Sigmund Løvåsen som skal fortelje om Kjell Aukrust sitt liv og kunstnarskap. I år er det 100 år sidan Aukrust vart fødd, og mange har gode minner frå historier, bilete og filmar frå denne folkekjære mangekunstnaren frå Alvdal. Sigmund Løvåsen har, i tillegg til den ferske, breie biografien om Aukrust, skrive romanar, skodespel og ei diktsamling.

I haust har vi plassrestriksjonar på alle arrangement. Ønskjer du å sikre deg plass: meld deg på til biblioteket@vang.kommune.no / 61 36 94 26.

Velkomne til ein triveleg og innhaldsrik kveld!

2024 © Vang frivilligsentral