Onsdag 4 November 2020
Kl. 19:00, Vang folkebibliotek
Bokbad
Velkomen til litterær samtale mellom forfattar Kjersti Annesdatter Skomsvold og litteraturkjennar Kirsti Baggethun

Kjersti Annesdatter Skomsvold (1979) har gitt ut sju bøker. For debutromanen Jo fortere jeg går, jo mindre er jeg (2009) fekk ho Tarjei Vesaas Debuntantpris. Boka er oversett til 25 språk og vart i 2014 oppført på Nationaltheateret med Anne Marit Jacobsen. Skomsvold blir ofte omtala som ei av dei viktigaste stemmene i norsk litteratur, ho er ein forfattar utanom det vanlege og kan vanskelig settast i bås. Ho har stor variasjon i det ho skriv, alt frå den korte debutromanen til den 600 sider bok nr. 2. Ho skriv lyrikk (Litt trist matematikk) og barnebøker (Meg, meg meg). Skomsvold skriv om svært tragiske tema, men humoren kjenneteikner mykje av det ho skriv.

Samtala mellom Skomsvold og Baggethun vil berøre hennar mangfaldige forfattarskap – romanar, lyrikk og barnebøker – og vil og koma inn på det temaet som no er så aktuelt, nemleg den såkalla «verklegheitslitteraturen», som f.eks. Karl Ove Knausgaard og Vigdis Hjort er kjende representantar for, og som er det store temaet i Monstermennesket.

I haust har vi plassrestriksjonar på alle arrangement. Ønskjer du å sikre deg plass: meld deg på til biblioteket@vang.kommune.no / 61 36 94 26. Blir det ikkje fullt kan du også møte i døra.

Flere kalenderoppføringer
2024 © Vang frivilligsentral