Eivind Dølerud, Kristina Gyllensvärd og Oddbjørn Skeie speler musikk av mellom anna Vreeswijk og Taube - viser, jazz og klassisk.
- Gyllensvärds stemmeprakt og Skeie og Dølerud sin virtuose traktering av sine respektive instrumenter skaper herlig samklang, skreiv avisa Valdres 9. februar 2012.
Eivind Dølerud har høgskuleutdanning frå Italia og Agder musikkonservatorium. Han arbeider no som fiolinlærar i Valdres, og er mellom anna dirigent for Valdresstrykerne. Kristina Gyllensvärd har mellom anna hatt fleire oppsetningar der ho hyller Monica Zetterlund, og syng songar som Zetterlund brukte. Oddbjørn Skeie er rektor i Vang kulturskule. Han har studert klassisk gitar på Agder musikkonservatorium i Kristiansand, og på Guild Hall School of Music and Drama i London.
- Trio Gyllensvärd består av tre garvede musikere. Og det trengs sannelig når de skal spille i en så intim setting. Her kommer publikum så nær musikerne, og musikerne så nær publikum, at det ikke finnes mulighet for å slippe unna, skreiv Oppland arbeiderblad 28.januar 2012.
Velkomen til ein stemningsfull intimkonsert på biblioteket!
Foto: Ingvar Skattebu