Mandag 31 Mai 2021
Kl. 12:30 - 13:30, Vang folkebibliotek
Datakafé
Er du blant dei som synest det er vanskeleg å bruke datamaskina til alt du før ordna ved å ringe, skrive brev eller møte opp på døra hos nokon? Du er ikkje åleine!

Vi tar grep, og inviterer til datakafé på Vang folkebibliotek, måndagar kl 12.30.

Marianne og Marte vil gjere sitt beste for å hjelpe deg med dine digitale utfordringar. Ta med eigen pc eller nettbrett om du har, om ikkje kan du låne hos oss.

Vi går gjennom ulike tema, men vil også tilpasse programmet til dei deltakarane som kjem og behova som oppstår. Datakaféen er ope for alle – uansett om du kan litt eller ingenting. Her er det til og med lov å kome om du hatar data! Og om du synest dataen er dum, eller om du føler at det er du som er dum – vi lover at du skal føle deg betre ;)

 Dette er emnene vi tenkjer å ta for oss dei første to månadene:

 8.mars: Enkel databruk: bli venn med PC'n

15.mars: Nettvett: er det sant fordi det står på internett?

 22.mars:  E-post del 1

 12.april:  Mappestruktur og lagring

 19.april: E-post del 2

 26.april: Word: kva skal du med eit skriveprogram?


 Vi minner om at vi også er i gang med Niste med noko attåt måndagar kl 11.30,  så vi håper fleire vil bli med på begge aktivitetane.

2024 © Vang frivilligsentral