Fredag
30
Oktober
2020
Innovangsjon og Vang frivilligsentral inviterer til kafedialog på Mjøsvang kafé!
NB alle saman saman: fredag 30. okt kl 19.
Kl. 19:00, Mjøsvang kafé
Kva vil du med Vang?
Kven er vangsgjeldingen, og kven vil vi vere?? Kva skal vi leve av her? Kva for kultur skal vi heie fram?
Luft dine tankar og bli med å peike ut retninga for Vang!
Kvelden vil foregå som ein kafédialog, der folk diskuterer i grupper, presenterer sine beste idéar, og til slutt stemmer over dei forslaga som har kome fram. Emnene vi skal innom er identitet, næringsliv og kultur&ukultur.
Smittevern er sjølvsagt i fokus, og plassavgrensing er ein av tiltaka. Vi ønskjer påmelding frå alle interesserte for å ha god oversikt over kor mange som kjem.
Målet er å peike ut ei retning for den vidare utviklinga av bygda vår – og få konkrete innspel som kan formidlast vidare til innbyggjarar, politikarar, administrasjon og næringsliv.
Påmelding til
frivilligsentralen@vang.kommune.no // 46 81 64 73
Del på:
Flere kalenderoppføringer