Vi serverer kaffi og te, og små kulturelle innslag. Dette er meint som ein uformell møteplass som er ope for alle, og vi håper å få besøk både av folk som er heime og ønskjer sosial kontakt, og folk som er på jobb på andre arbeidsplassar.
Det å møtest og prate saman står i fokus, men kvar veke vil det også vere små kulturelle innslag. Det kan vere litt høgtlesing, litt musikk, nokon som fortel om eit aktuelt emne osv. Kanskje kan dei kulturelle innslaga føre samtalen inn på nye vegar?
Alle må følgje gjeldande smittevernreglar, og halde avstand, ha god handhygiene, og ikkje møte om dei har luftvegssymptom. Vi fører deltakarlister for eventuell smittesporing. Vi har plass til å spreie oss rundt i lokalet på fleire langbord om dette skulle bli populært, så enn så lenge treng ikkje folk melde seg på, det er berre å møte opp!