Nina Schjeide er skodespelar, samtaleterapeut og konfliktmeklar, og ein etterspurd kursleiar og foredragshaldar i organisasjons- og næringslivet. I foredraget tar ho for seg til dømes kroppsspråk, fyrsteinntrykk, fokus på mottakaren og smittande engasjement, samt gode tips for deg som frå tid til annan skal presentere ein bodskap eller ein idé for ei stor eller lita forsamling.
«Kommunikasjon foregår alltid på to nivåer samtidig,» skriv Schjeide på si nettside gjennomslag.no, «Det er alltid mye mer enn ordene dine som påvirker hvordan mottakeren oppfatter det som blir sagt. Det trenger ikke være hva du sier som gjør at mottakeren reagerer positivt eller negativt, men hvordan du sier det.»
Kurset er eit samarbeid mellom Vang frivilligsentral, som ein del av årets satsing på ‘mestring og læring’, og rådmannen, som arrangerer ei fagsamling for leiarane i kommunen denne dagen. Kurset er gratis og ope for alle, og vi håper næringslivsrepresentantar, leiarar i frivillige lag og andre som har bruk for god kommunikasjon tar turen til VBU denne formiddagen. J