«Tenk at alle bøker en gang gar vært et tre! I trærne har det bodd maur, mus, ekorn - og kanskje en bokfink? I biblioteket er det mange bøker – en hel skog!»
Hege slår opp teltet sitt i bibliotekskogen. På turen har ho med fele og ukulele, og mange songar om dyra vi kan møte i skogen. Barna er velkomne til å ta med ein song dei likar til konserten om eit koseleg, rart, søtt eller farleg dyr.
Hege Rimestad har vøre ein av landets mest profilerte felespillere sidan ho var med i Amtmandens Døtre og Veslefrikk på 70- talet. Ho har også spilt med Mari Boine, og gjeve ut solo-CDane The Seed keeper, Hvite pil og barneplata Fly som en stein saman med Geirr Lystrup. Sist nemna blei løna med Spellemansprisen.
Mange kjennar Hege Rimestad som Rødnissejenta frå Jul i Blåfjell. Ho har gjort ein rekke turnéar for Rikskonsertane og Den kulturelle skolesekken i skole og barnehagar. Dei siste to åra har ho spilt konsertar med Astrid Lindgren-programmet Pilutta deg! Samen med Sara Andersson.