Torsdag 21 Februar 2019
Kl. 12:00, Vang folkebibliotek
Morsmålsdagen
Velkomen til feiring av den internasjonale morsmåldagen!

Det blir dikt, songar og historier på mange forskjellige språk - mellom anna tysk, albansk, arabisk, oromo og tyrkisk. Etterpå blir det enkle aktivitetar for dei som vil lære meir, teste språkkunnskapene sine eller bli kjent med andre.

Morsmålsdagen vart etablert av Unesco i 1999 med mål om å fremme språkleg mangfald og fleirspråklegheit. 2019 er også det internasjonale året for urfolkspråk, og vi håper å få med nokre samiske bidrag i årets feiring!

Det blir snakka om lag 300 språk i Norge, og om lag 6700 i heile verda. Og halvparten av desse er i ferd med å forsvinne! Vi har feira denne dagen i fleire år, og set stor pris på dei mange som vil dele av sin kultur, og bidra til å vise fram det rike mangfaldet vi har i den vesle bygda vår.

Arrangør: Vang folkebibliotek, Vang frivilligsental, Vang mottakssenter og Vang læringssenter


2024 © Vang frivilligsentral