Onsdag 6 Februar
kl. 19:00 - 21:00 Øvingskøyringskurs Vang folkebibliotek
Onsdag 6. februar kl 19:00-21:00 inviterer Vang frivilligsentral i samarbeid med Valdres trafikkskole til øvingskøyringskurs på Vang folkebibliotek

Heidi Hålien er erfaren køyreskulelærar, og kjem no til Vang for å dele tips og råd. Frivilligsentralen har ny bil til øvingskøyring og ønskjer no fleir frivillige ledsagarar. Vi håper dette kurset kan blir ein god start for både gamle og nye frivillige.

Også foreldre/andre som skal drive med øvingskøyring med eigne ungdommar er velkomne. Hålien understreker at dei som driv med profesjonell køyreopplæring set stor pris på eit godt samarbeid med foreldre og andre ledsagarar, og at alle tener på at elevane får god og konsekvent rettleiing frå alle som er involvert i køyreopplæringa. 

Kurset er gratis og ope for alle.  

Flere kalenderoppføringer
2020 © Vang frivilligsentral