-
Facebookliste for enkel arrangementsinvitasjon
Lag ei Vangsliste på facebook slik at du kan invitere alle du kjenner i Vang til arrangement med få tastetrykk!
Redigere i foreningsportalen
Vang foreningsportal skal synleggjere alle dei flotte frivillige laga vi har i Vang, og alle aktivitetane som både dei og andre aktørar skapar. Her er ei oppskrift til frivillige lag for korleis oppdatere informasjon og publisere hendingare i foreningsportalen.Korleis få tilgang
Frivilligsentralen sender ut e-post eller SMS frå foreningsportal-systemet til dei som står registrert som kontaktpersonar i laga. Det kan berre vere éin registrert kontaktperson pr lag. I desse e-postane/SMS-ene er det ei lenke som tar deg direkte inn til oppdatering av ditt lag. Ta kontakt om det er registrert feil kontaktperson, eller du ønskjer å få lenka tilsendt på nytt. Du kan også få ein kode som gjer at du kan redigere frå vang.foreningsportal.no utan lenke. Kontaktperson kan vidaresende e-posten eller dele koden med andre i styret som skal ha tilgang.
Korleis oppdatere informasjon om laget
Når du klikker på lenka får du opp ditt lag. Under fanen 'informasjon' kan du oppdatere informasjonen om laget. Fyll gjerne inn nettsted, facebookside osv i felta til høgre, og pass på at mobil og e-postadresse er riktig.
Det som står i boksen 'kort beskrivelse' synest på framsida av foreningsregisteret i foreningsportalen, så det bør vere eit kort setning eller to om laget. I boksen 'informasjon' skriv du meir utfyllande om laget, aktivitetar, og andre ting som er relevant for publikum. Tenk på at dei som søker i portalen kanskje ikkje er så godt kjent i Vang, og korleis du kan beskrive laget ditt på ein slik måte at folk føler seg velkomne til å bli med :)
Hugs å klikke 'lagre' nederst til slutt.
Korleis publisere hendingar i kalenderen
Klikk på fanen 'kalender' ved siden av 'informasjon'. IKKJE der det står 'kalender' mellom 'start' og 'foreninger' i toppen, for då kjem du ut til framsida av foreningsportalen og det er ikkje mogeleg å gå tilbake. I så fall må du inn igjen i e-posten og opne lenka på nytt.
Klikk på 'opprett hendelse' for å lage ei ny hending. Fyll inn informasjon, og hugs bilde! Kalenderen blir mykje finare og meir tiltalande om hendingane har bilder. Også her blir det som står i boksen 'kort beskrivelse' synleg på framsida av kalenderen i foreningsportalen, og i boksen 'mer informasjon' skriv du meir utfyllande om aktiviteten.
Hugs å klikke 'opprett' nederst til slutt.
Har de faste aktivitetar kan du lage gjentakande hendingar. Det er ikkje mogeleg å legg inn perioder med pause, så om aktiviteten tar sommarferie eller berre er aktiv delar av året, må du enten gå inn manuelt og slette dei hendingane som skal bort, eller lage sluttdato og opprette ein ny serie hendingar etter pausen.
Hugs å klikke 'lagre' nederst til slutt.
Du kan altså klikke på eksisterande hendingar og endre eller slette dei. Gjer du dette på ei gjentakande hending så får du spørsmål om det gjeld berre den eine hendinga, eller om det gjeld påfølgande hendingar, eller alle hendingar.
Framheva arrangement
Frivilligsentralen kan huke av at enkelte arrangement er 'framheva'. Desse visast på startsida i foreningsportalen, på infoskjermane rundt omkring i kommunen, samt på kommunesida og på vangivaldres.no. Vi prioriterer enkeltarrangement, og hendingar som skjer ikkje oftare enn kvar månad. Send oss gjerne eit hint når du har publisert ei hending som du meiner bør framhevast, for det er ikkje noko 'varsling' til oss innbakt i systemet sjølv om vi prøver å følgje med så godt vi kan :)
Hjelp
Foreningsportalen administrerast av Frivilligsentralen. Om du ser noko som ikkje stemmer, ta kontakt med frivilligsentralen@vang.kommune.no // 46 81 64 73.
Vi hjelpe deg også gjerne om du ikkje får til å oppdatere info/publisere hendingar, berre spør! :)