Vi søker AlleMed-koordinator!

Har du eit hjarte for inkludering av barn og unge? Søk på denne spanande stillinga!

AlleMed-koordinatoren vil få ansvar for BUA Vang. Ansvaret inneber å administrere den daglege drifta, marknadsføre tilbodet og skape aktivitetar med aktuelle målgrupper. 

I tillegg skal AlleMed-koordinatoren følgje opp arbeidsmetoden aktive saman som er satt i verk det siste året. Denne går ut på å koble frivillige opp mot barn og unge som ønskjer hjelp til å kunne delta i ein sjølvvalt fritidsaktivitet. 

Her finn du annonsa
Søknadsfrist er 16. oktober. Del gjerne annonsa med andre du tenkjer kan vere gode kandidatar!

2024 © Vang frivilligsentral