-
Ferskingkurs i friluftsliv
Ønskjer du å vere meir ute i naturen? Treng du ei oppfrisking i friluftsliv, eller du vil lære deg korleis bruke kart og kompass, primus, eller effektiv båltenning? DNT Valdres, Vang frivilligsentral og Vang turlag inviterer til ferskingkurs i friluftsliv, 4 måndagskveldar i april og mai.
Klesbyttedagen 2024
Laurdag 27. april kl. 10 – 14 er det klart for klesbytting på Vang folkebibliotek!Biblioteket og Frivilligsentralen har igjen fått med superfrivillig Kine Kvannefoss til å arrangere klesbyttedag. Dette var ein stor suksess i fjor, og vi reknar med det blir like moro i år! Husflidslaget stiller med fixestasjon, og NålØye er også med på laget.
Frå etter påske t.o.m. 26. april tek vi imot pene og reine klesplagg - maks 7 plagg pr. person. I bytte får du kupongar som du kan bruke på klesbyttedagen til å handle med. Du kan levere klede på biblioteket eller til Kine på Føsse frisørstudio. Lever gjerne i god tid slik at vi får sortert skikkeleg.
Om du vil donere alle eller nokon av bongane dine, så samlar vi dei i ein bolle, og deler ut til dei som ikkje har noko å bytte bort. Så velkomen også til deg som ikkje har levert klede, det er garantert bongar til overs som du kan få til å handle med!
I fjor var det veldig mykje flotte dameklede, men litt lite til herre og barn. Vi oppmodar difor spesielt karar og foreldre til å ta ein gjennomgang i klesskåpa sine og sjå om dei har noko fint å bytte bort.
Klesbyttedagen er eit konsept frå Naturvernforbundet. Visste du at klesindustrien står for meir av verda sine klimagassutslepp enn fly- og skipsfart til saman? Når vi byttar med kvarandre og bruker kleda lengre, reduserer vi utsleppa. Bli med på ei miljøvenleg oppgradering av klesskåpet!
Del på:
-
Frivilligsentralen inviterer frivillige lag i Vang til kurskveld
Mange aktive lag skapar mykje liv og røre i bygda vår. Å sitte i eit styre i eit frivillig lag kan vere veldig givande og lærerikt, det kan også by på nokre utfordringar. Korleis få til god arbeidsfordeling? Korleis synleggjere aktivitetane sine? Korleis kan ein forenkle regnskapsarbeidet? Og korleis rekruttere nye styremedlemmer?? Torsdag 18. april kl 18-21 inviterer vi laga til Vang folkebibliotek for å utveksle erfaringar og få innspel om dette og meir til.
-
MØTEPLASSEN
Torsdag 11. april kl. 14 ønskjer vi velkomen til nytt treff med felles middag og aktivitetar! Denne gongen møtast vi på Mjøsvang Kafé.
-
Påske
💛Frivilligsentralen tar no ferie og held stengt heile påskeveka.
-
Vårprogram 2024
Programmet fram mot sommaren i samarbeid med Vang folkebibliotek er klart!