-
Klesbyttedagen 2024
Laurdag 27. april kl. 10 – 14 er det klart for klesbytting på Vang folkebibliotek!
Ferskingkurs i friluftsliv
Ønskjer du å vere meir ute i naturen? Treng du ei oppfrisking i friluftsliv, eller du vil lære deg korleis bruke kart og kompass, primus, eller effektiv båltenning? DNT Valdres, Vang frivilligsentral og Vang turlag inviterer til ferskingkurs i friluftsliv, 4 måndagskveldar i april og mai.Kurshaldar Torkjell Haugen har god erfaring med slike kurs, og har mellom anna halde det for elevane på læringssenteret i Vang i vinterferien. Dette kurset er gratis og ope for alle interesserte, og du kan bli med på alle kurskveldane, eller plukke ut dei modulane du ønskjer.
Vi ber om påmelding til frivilligsentralen@vang.kommune.no eller 46 81 64 73, då får du også info om oppmøtestad og kva du skal ta med. Delar av kurset er teoretisk, då held vi oss inne på biblioteket, medan nokre modular er praktiske og vil foregå i friluft. Deltek du på alle kveldane får du kursbevis.
Målet med kurset er å gjere folk trygge slik at dei får sjølvtillit og motivasjon for å komme seg ut. Kurset er meint for personar som ønskjer seg grunnleggande kunnskapar og ferdigheiter innan friluftsliv, dette kan vere folk som har noko turerfaring frå før, eller folk som aldri har vore på tur tidlegare. Det er også eit sosialt kurs - kanskje du finn nye turkameratar? :)
22. april kl 18-20.30, MODUL 1:
- Velkommen, presentasjon og formål med kurset
- Allemannsretten
- Turklede, tursekk og turmat
29. april kl 18-20.30, MODUL 2:
- Kart og kompass
6. mai kl 18-20.30, MODUL 3:
- Bål
- Om DNT
13. mai kl 18-20.30, MODUL 4:
- Primus og stormkjøkken
- Matlaging i grupper inkl. måltid
- Vegen vidare og oppsummering
Del på:
-
Frivilligsentralen inviterer frivillige lag i Vang til kurskveld
Mange aktive lag skapar mykje liv og røre i bygda vår. Å sitte i eit styre i eit frivillig lag kan vere veldig givande og lærerikt, det kan også by på nokre utfordringar. Korleis få til god arbeidsfordeling? Korleis synleggjere aktivitetane sine? Korleis kan ein forenkle regnskapsarbeidet? Og korleis rekruttere nye styremedlemmer?? Torsdag 18. april kl 18-21 inviterer vi laga til Vang folkebibliotek for å utveksle erfaringar og få innspel om dette og meir til.
-
MØTEPLASSEN
Torsdag 11. april kl. 14 ønskjer vi velkomen til nytt treff med felles middag og aktivitetar! Denne gongen møtast vi på Mjøsvang Kafé.
-
Påske
💛Frivilligsentralen tar no ferie og held stengt heile påskeveka.
-
Vårprogram 2024
Programmet fram mot sommaren i samarbeid med Vang folkebibliotek er klart!