-
Politikarpraten #2
Har du innspel til politikarane i Vang? Velkomen til uformell samtale med representantar frå dei politiske partia i forkant av kommunestyremøta!
TV-aksjonen
Årets TV-aksjon går til Leger uten grenser sitt viktige arbeid med å gi livreddande helsehjelp til dei som treng det mest.Aksjonsdagen er sundag 23. oktober. Her kan du registrere deg som bøssebærar! Vi treng fleir bøssebærarar i Vang og Høre/Ryfoss.
24. september deltok BUA Vang på Vinjerock og biblioteket sin marknadsdag med triksekonkurranse og hoppedugnad, der to spreke bedrifter lovde pengar til aksjonen. 2773 hopp med hoppetau ga 2773,- frå Frisk Forlag og Alexei sin rekord med 162 triks ga 1620,- frå Intersport Filefjell til TV-aksjonen! Fint å samtidig vise fram utstyrer vårt og få fortalt fleir at alle kan låne gratis i BUA. Tusen takk til FK Vang og frivillige frå mottaket for hjelpa!
Her kan du sjå video frå dagen
Onsdag 19. oktober kl 19 inviterer vi til temakveld på Vang folkebibliotek.
Del på:
-
Ferskingkurs i friluftsliv
Ønskjer du å vere meir ute i naturen? Treng du ei oppfrisking i friluftsliv, eller du vil lære deg korleis bruke kart og kompass, primus, eller effektiv båltenning? DNT Valdres, Vang frivilligsentral og Vang turlag inviterer til ferskingkurs i friluftsliv, 4 måndagskveldar i april og mai.
-
Klesbyttedagen 2024
Laurdag 27. april kl. 10 – 14 er det klart for klesbytting på Vang folkebibliotek!
-
Frivilligsentralen inviterer frivillige lag i Vang til kurskveld
Mange aktive lag skapar mykje liv og røre i bygda vår. Å sitte i eit styre i eit frivillig lag kan vere veldig givande og lærerikt, det kan også by på nokre utfordringar. Korleis få til god arbeidsfordeling? Korleis synleggjere aktivitetane sine? Korleis kan ein forenkle regnskapsarbeidet? Og korleis rekruttere nye styremedlemmer?? Torsdag 18. april kl 18-21 inviterer vi laga til Vang folkebibliotek for å utveksle erfaringar og få innspel om dette og meir til.
-
Påske
💛Frivilligsentralen tar no ferie og held stengt heile påskeveka.