Opningstider i påska

Frivilligsentralen held stengt heile påskeveka. Biblioteket har desse opningstidene:

laurdag 9. april kl. 11 - 16
måndag 11. april kl. 10 - 14
tysdag 12. april kl. 10 - 14
onsdag 13. april kl. 10 - 14

BUA har desse opningstidene:

torsdag 7. april kl. 15 - 18
tysdag 12. april kl. 15 - 18
 
I tilegg kan biblioteket nyttast som hentepunkt for utstyr frå BUA, men då må du kontakte frivilligsentralen@vang.kommune.no seinast 7.4 eller 12.4 for å reservere utstyret du vil låne.

Påskestemning på biblioteket

I biblioteket si opningstid kan du komme innom og lage deg ein kylling, påskehare eller noko anna fint med perler! Og rundt om på biblioteket har vi gøymt egg. Finn du eit? Ta det med i skranken og byt det i ein premie! Kanskje du vil sette deg ned og spele kort eller brettspel? I tillegg kan du låne med deg ei god bok til påskeferien :)

2024 © Vang frivilligsentral