-
Ferskingkurs i friluftsliv
Ønskjer du å vere meir ute i naturen? Treng du ei oppfrisking i friluftsliv, eller du vil lære deg korleis bruke kart og kompass, primus, eller effektiv båltenning? DNT Valdres, Vang frivilligsentral og Vang turlag inviterer til ferskingkurs i friluftsliv, 4 måndagskveldar i april og mai.
Nærtur på truger: Stele - Hagfellknuppen
Frivilligsentralen og folkehelsekoordinator, saman med fleire andre, arrangerer nærturar rundt omkring i Vang. Oppdag nye stigar og bli kjent med nye naboar!Onsdag 20. mars kl 17:30 går turen til Hagfellknuppen i Vang. Parkering på Stele gard, Bergsgøta 141, ovafor Vang Auto-service.
Vi går litt oppover stølsvegen, før vi tar på truger og går forbi Vårheim og Hagfellud'n. Turen tar ca 45 minutt. Helge Lajord er med som kjenstmann.
På Hagfellknuppen fyrer vi bål og har ein god prat medan det skumrar. Ta med truger, sitteunderlag og gjerne niste/bålmat og drikke, og kanskje hodelykt om det blir mørkt før vi går ned att.
BUA har 4 par truger, fleire sitteunderlag, tursko og sekkar for den som vil låne. Kontakt oss på frivilligsentralen@vang.kommune.no eller 46 81 64 73 for å reservere, så tar vi det med til startpunktet.
Ved dårleg vêr; sjekk vang.frivilligsentral.no for oppdatert info.
Del på:
-
Klesbyttedagen 2024
Laurdag 27. april kl. 10 – 14 er det klart for klesbytting på Vang folkebibliotek!
-
Frivilligsentralen inviterer frivillige lag i Vang til kurskveld
Mange aktive lag skapar mykje liv og røre i bygda vår. Å sitte i eit styre i eit frivillig lag kan vere veldig givande og lærerikt, det kan også by på nokre utfordringar. Korleis få til god arbeidsfordeling? Korleis synleggjere aktivitetane sine? Korleis kan ein forenkle regnskapsarbeidet? Og korleis rekruttere nye styremedlemmer?? Torsdag 18. april kl 18-21 inviterer vi laga til Vang folkebibliotek for å utveksle erfaringar og få innspel om dette og meir til.
-
MØTEPLASSEN
Torsdag 11. april kl. 14 ønskjer vi velkomen til nytt treff med felles middag og aktivitetar! Denne gongen møtast vi på Mjøsvang Kafé.
-
Påske
💛Frivilligsentralen tar no ferie og held stengt heile påskeveka.