-
Politikarpraten #2
Har du innspel til politikarane i Vang? Velkomen til uformell samtale med representantar frå dei politiske partia i forkant av kommunestyremøta!
Musikk og lyrikk
Vi markerer Den klassiske gitarens dag med ein lyrisk kveld på Vang folkebibliotek, sundag 4. februar kl 19:00.Oddbjørn Skeie har denne kvelden med seg Fredrik Dieserud, psykiater og forfattar frå Aurdal. Fredrik har gjeve ut 4 diktsamlingar, mellom anna «Som blomster om natten» (2021) og «Ekkolodd» (2022). I 2023 kom romanen «Jeg ventet, og solen beveget seg» som han vil lese frå denne kvelden, til tonar frå Oddbjørn sin gitar.
I «Jeg ventet, og solen beveget seg» følgjer vi 19 år gamle Knut sitt indre og ytre liv. Vi blir også kjent med Agnes, og deira gryande kjærleik. Handlinga er lagt til Aurdal. Fredrik bur i Sandefjord, og seier han ser fram til å kome til Vang, kor han også har slekt frå.
Oddbjørn er godt kjent som gitarist og tidlegare kulturskulerektor i Vang. Frivilligsentralen og biblioteket er glade for at han framleis tar initiativ til kulturarrangement i bygda vår!
Velkomen til ein stemningsfull kveld på biblioteket. Fri entre.
Etter konserten blir det årsmøte i Vang mållag - her er også alle velkomne!
Del på:
-
Ferskingkurs i friluftsliv
Ønskjer du å vere meir ute i naturen? Treng du ei oppfrisking i friluftsliv, eller du vil lære deg korleis bruke kart og kompass, primus, eller effektiv båltenning? DNT Valdres, Vang frivilligsentral og Vang turlag inviterer til ferskingkurs i friluftsliv, 4 måndagskveldar i april og mai.
-
Klesbyttedagen 2024
Laurdag 27. april kl. 10 – 14 er det klart for klesbytting på Vang folkebibliotek!
-
Frivilligsentralen inviterer frivillige lag i Vang til kurskveld
Mange aktive lag skapar mykje liv og røre i bygda vår. Å sitte i eit styre i eit frivillig lag kan vere veldig givande og lærerikt, det kan også by på nokre utfordringar. Korleis få til god arbeidsfordeling? Korleis synleggjere aktivitetane sine? Korleis kan ein forenkle regnskapsarbeidet? Og korleis rekruttere nye styremedlemmer?? Torsdag 18. april kl 18-21 inviterer vi laga til Vang folkebibliotek for å utveksle erfaringar og få innspel om dette og meir til.
-
Påske
💛Frivilligsentralen tar no ferie og held stengt heile påskeveka.