Leva heile livet-treff

Velkomen til nytt treff med felles middag og aktivitetar! Denne gongen møtast vi på Filefjellstuene, torsdag 8. februar kl 14.

Om vêret er fint startar vi med ein gåtur for den som vil, og så blir det diverse aktiviterar og samtaleemner:

  • Velkomen etter tur, med kaffi/te
  • Presentasjon av Frivilligmagasinet og foreningsportalen 
  • Informasjon om yogatilbod
  • Sterk og stødig med nye frivillige instruktørar 
  • Nytt navn - kva skal møteplassen heite?
  • Innspel frå innbyggjarane 
  • Felles middag: Schnitzel av kalv fra bygda vår, ovnssteikte poteter, saus og grønnsaker. Ostekake med solbær. Kr. 299,- ink. kaffi

Påmelding innan 4. februar til joanke.tito@vang.kommune.no // 95 40 42 79

Vi oppfordrar til felleskøyring. Har du ikkje skyss, ta kontakt med Joanke.

2024 © Vang frivilligsentral