Leva heile livet: Felles middag og aktivitetar

Torsdag 26. oktober kl. 14.00 gjentek vi suksessen med felles middag og aktivitetar på Tyinkrysset fjellstue!

Vi har hatt to slike treff til no, og dette har vore veldig triveleg. Dei første to treffa var det ein del informasjon frå Leva heile livet, denne gongen blir det enno meir tid til prat og sosialt samver.

Program:

  • Vår nye ordførar ynskjer velkommen
  • Quiz
  • Aktivitet inne eller ute
  • Introduksjon om sirkeltrening med Helene Hauge
  • Felles middag (ca. 15.30): Langtidskokt oksegryte med husets potetstappe og grønnsaker.  Lun eplekake med hausteple frå Vang og vaniljeis, Kaffe. Kr. 299,- pr. pers.


Påmelding innan 24. oktober til Joanke Tito på 95404279 eller joanke.tito@vang.kommune.no

Vi oppfordrar til felleskøyring. Har du ingen skyss, ta kontakt med Joanke

Helsing Vang kommune v prosjektgruppa Leva heile livet, Vang frivilligsentral, og Tyinkrysset fjellstue

2024 © Vang frivilligsentral