Konsert med Malin Jonsson

Onsdag 26. april kl. 19.00 kjem artist og låtskrivar Malin Jonsson til Vang folkebibliotek. Saman med den eminente gitaristen Bjørn Løvås vil ho framføre både eigne songar og eit utval frå det svenske 80-talet.

Konserten er eit samarbeid mellom Vang frivilligsentral, Vinjerock, Vang folkebibliotek og kulturkontoret, og det er fri entre.

Jonsson kjem frå Lima i Sverige, og har dei siste 10 åra vore busett i Trysil. Ho skriv eigne låtar i sjangeren melodiøs pop i folketonar med svenske tekster. I 2003 ga ho ut sin debutsingel under eige namn, og har sidan gitt ut tre album.

Dei siste fire åra har Jonsson arrangert veldedigheitskonsertar i Trysil til inntekt for heimlause og til Ukraina, noko som har blitt satt stor pris på. I 2022 vann ho Björn Skifs musikkpris Rocknallen for sitt solide kunstnarskap samt sitt samfunnsengasjementet. Ho har tidlegare vore nominert til «Årets artist» ved Dalecarlia Music Awards, og vunne Sveriges Radios musikkonkurranse «Svenskstoppen Nästa».

Løvås er ein anerkjent norsk gitarist, og har mellom anna vore med på to gullplater. Saman har dei gjort mange konsertar, både i Sverige og Norge, til ståande applaus.

 Velkomen til ein stemningsfull intimkonsert på biblioteket!

malinjonsson.se


2024 © Vang frivilligsentral