Generasjonstreff med babysang

Torsdag 21. mars kl 11 er det tid for eit nytt generasjonstreff med babysang, denne gongen på biblioteket.

Denne våren arrangerer Vang Frivilligsental, Kyrkja i Vang og Vangsheimen tre generasjonstreff med babysang, leia av Anne Lajord Belsheim. I januar var det fyrste treffet i Fjorstøga på Vangsheimen, med små og store samla til song og ei triveleg stund. Etter endt babysong var det kaffi og noko godt å bite i. Det vart latter og store smil, og det såg ut til at alle oppmøtte koste seg! 

Neste treff er altså på biblioteket, og alle er velkomne!

2024 © Vang frivilligsentral