Generasjonstreff i høve Verdensdagen for psykisk helse

Tysdag 10. oktober kl 13 ønskjer vi velkomen til generasjonstreff med kaffi, saft og kake, spel og leiker, og triveleg samvêr på Vang folkebibliotek

Vi treng alle å høyre til. 10. oktober markerast Verdensdagen for psykisk helse, og tema i år er #lagplass. Vang folkebibliotek, Vang frivilligsentral og helseavdelinga i Vang kommune inviterer til generasjonstreff, og håper mange tek turen denne formiddagen for triveleg samvêr på biblioteket. 

Skulestartarane frå Fredheim barnehage kjem, pensjonistlaget er invitert, og alle der i mellom er velkomne. Biblioteket har ein god bunke med spel, og splitter nye leiker! Dette blir satt fram til fritt bruk, og dei som berre vil skravle, står fritt til det.

Tre tips for god mental helse: 1. Gjer noko aktivt, 2. Gjer noko saman, og 3. Gjer noko meiningsfullt. I Vang er det mange moglegheiter til dette, og saman jobbar vi for at fleir skal finne vegen inn i gode fellesskap!



2024 © Vang frivilligsentral