-
Politikarpraten #2
Har du innspel til politikarane i Vang? Velkomen til uformell samtale med representantar frå dei politiske partia i forkant av kommunestyremøta!
10årsjubileet - for ein fest!
10årsjubileet er vel overstått, og 60 frammøtte bidrog til å gjere dette til ein veldig triveleg kveld <3Vangskoret opna ballet med flott sang. Så kom det talar på løpande band frå dagleg leiar Marte Tangen, kommunalsjef utdanning og kultur Marta Bjørnøy Lalim, vår første styreleiar Carl Philip Weisser saman med noverande styreleiar Kari Hagaseth (som også hadde dikta sang i høve jubileet), og ordførar Vidar Eltun som avslutta med eit dikt.
Så var det kake og mingletid. Frivillige og samarbeidspartnarar stod på 'stands' rundt i lokale og fortalte om våre ulike aktivitetar, og Mjøsvang kafé, Marie Hermundstad og Bjørg Lerhol sørga for eit flott kakebord. Mange hadde også stor glede av utstillinga med bilete frå 10 år med masse variert aktivitet.
Takk til alle som tok del i feiringa saman med oss! Og til Khalid og Maryna som bidrog med uvurderleg rigge-, rydde- og utstillingshjelp. Vi gler oss til dei neste 10 åra :)
Del på:
-
Ferskingkurs i friluftsliv
Ønskjer du å vere meir ute i naturen? Treng du ei oppfrisking i friluftsliv, eller du vil lære deg korleis bruke kart og kompass, primus, eller effektiv båltenning? DNT Valdres, Vang frivilligsentral og Vang turlag inviterer til ferskingkurs i friluftsliv, 4 måndagskveldar i april og mai.
-
Klesbyttedagen 2024
Laurdag 27. april kl. 10 – 14 er det klart for klesbytting på Vang folkebibliotek!
-
Frivilligsentralen inviterer frivillige lag i Vang til kurskveld
Mange aktive lag skapar mykje liv og røre i bygda vår. Å sitte i eit styre i eit frivillig lag kan vere veldig givande og lærerikt, det kan også by på nokre utfordringar. Korleis få til god arbeidsfordeling? Korleis synleggjere aktivitetane sine? Korleis kan ein forenkle regnskapsarbeidet? Og korleis rekruttere nye styremedlemmer?? Torsdag 18. april kl 18-21 inviterer vi laga til Vang folkebibliotek for å utveksle erfaringar og få innspel om dette og meir til.
-
Påske
💛Frivilligsentralen tar no ferie og held stengt heile påskeveka.