-
Aktive saman
Har du eit barn eller ein ungdom som ønskjer å delta på ein fritidsaktivitet, men det er vanskeleg å få til? Eller ønskjer du å engsajere deg som frivillig?
Digi-kafé
Bli tryggare på data og smarttelefon, og oppdag mogelegheitene du får med meir digital kompetanse!Aldersgruppe: For alle
Vi har to ulike tilbod om digi-kafé på Vang folkebibliotek, ope for alle:
- Kvar måndag utanom skuleferiar kl 16 – 18, med ungdom som digi-vertar. Her blir det drop in - spør om hjelp til kva du måtte ønskje! Ungdommane du vil møte desse ettermiddagane er Olav van Leeuwen, Oskar Solemsli og Lene Berge.
- Første onsdag i månaden kl 12 – 14, med frivillige digi-vertar. Boye Thorpe, Håkon Berge, Derk Stegwee, Svein Ove Blystad er blant dei som sit klare til å hjelpe deg desse onsdagane. Her blir det tema, (men dei frivillige kan nok hjelpe deg med andre digitale utfordringar også) :
- 10.1: Endre skattekort, reiseregning pasientreiser, bank-ID/kodebrikke
- 7.2: Kjøp riktig digitalt utstyr
- 6.3: Nettbank
- 3.4: Skattemelding
- 8.5: Digitalt demokrati på frigjeringsdagen!
- 5.6: Etter ønske
Ta med mobil / nettbrett / PC, og evt kodebrikke / passord. Vi byr på kaffi, te og kjeks. Digi-vertane har sjølvsagt teieplikt.Digi-kafé er eit samarbeid mellom Vang kommune/Leve heile livet, Vang frivilligsentral og Vang folkebibliotek.
Del på:
-
Arrangement
Frivilligsentralen arrangerer ei rekke kulturelle arrangement i samarbeid med biblioteket og andre, samt aktivitetsdagar, turar mm.
-
Besøksven
Grindaheim Røde Kors Omsorg har besøksvener som gjerne stikk innom om du ønskjer besøk.
-
BUA Vang
I BUA kan du låne masse utstyr til friluftsliv, leik og idrett - heilt gratis!
-
Hjelpetenester
Treng du hjelp til småting i heimen?