-
Aktive saman
Har du eit barn eller ein ungdom som ønskjer å delta på ein fritidsaktivitet, men det er vanskeleg å få til? Eller ønskjer du å engsajere deg som frivillig?
BUA Vang
I BUA kan du låne masse utstyr til friluftsliv, leik og idrett - heilt gratis!Aldersgruppe: For alle
Du finn BUA mellom Drengestøga og Vangsheimen. Her kan du sjå alt utstyret vårt, og registrere låneprofil.
Utlån: Vi har i hovudsak ope for utlån torsdagar kl 15 til 16.
Innlevering: Vi har i hovudsak ope for innlevering tysdagar kl 15 til 16.
Utstyr som er veldig populært eller som vi har lite av kan du låne 5 dagar (torsdag til første tysdag), anna utstyr kan du låne 12 dagar (torsdag til neste tysdag). Hugs at du skal vaske utstyret før du leverer, slik at det er reint og fint til neste lånar.
Reservasjon: Du kan reservere utstyr ved å sende SMS til 46816473 eller e-post til frivilligsentralen@vang.kommune.no
Fleksibilitet: Vi er framleis fleksible, og kan avtale andre tidspunkt for utlån og innlevering om desse tidspunkta ikkje passar! Berre ta kontakt så skal vi gjere så godt vi kan :)
Yehor Borodin er for tida tilsett i BUA. Han pratar både norsk, engelsk og ukrainsk, og hjelper alle som kjem innom i opningstida.
Del på:
-
Arrangement
Frivilligsentralen arrangerer ei rekke kulturelle arrangement i samarbeid med biblioteket og andre, samt aktivitetsdagar, turar mm.
-
Besøksven
Grindaheim Røde Kors Omsorg har besøksvener som gjerne stikk innom om du ønskjer besøk.
-
Digi-kafé
Bli tryggare på data og smarttelefon, og oppdag mogelegheitene du får med meir digital kompetanse!
-
Hjelpetenester
Treng du hjelp til småting i heimen?