BUA Vang

I BUA kan du låne masse utstyr til friluftsliv, leik og idrett - heilt gratis!

Aldersgruppe: For alle

Du finn BUA mellom Drengestøga og Vangsheimen. Her kan du sjå alt utstyret vårt, og registrere låneprofil. 

Utlån: Vi har i hovudsak ope for utlån torsdagar kl 15 til 16

Innlevering: Vi har i hovudsak ope for innlevering tysdagar kl 15 til 16

Utstyr som er veldig populært eller som vi har lite av kan du låne 5 dagar (torsdag til første tysdag), anna utstyr kan du låne 12 dagar (torsdag til neste tysdag). Hugs at du skal vaske utstyret før du leverer, slik at det er reint og fint til neste lånar. 

Reservasjon: Du kan reservere utstyr ved å sende SMS til 46816473 eller e-post til frivilligsentralen@vang.kommune.no

Fleksibilitet: Vi er framleis fleksible, og kan avtale andre tidspunkt for utlån og innlevering om desse tidspunkta ikkje passar! Berre ta kontakt så skal vi gjere så godt vi kan :)

Yehor Borodin er for tida tilsett i BUA. Han pratar både norsk, engelsk og ukrainsk, og hjelper alle som kjem innom i opningstida. 

2024 © Vang frivilligsentral